

Solund Sendebrettlaug
Solund Sendebrettlaug har som føremål å legge til rette for at barn, unge og vaksne i alle aldre skal kunna ha det sosialt og moro med diskgolf (frisbeegolf).
Banene skal også vera på eit så høgt kvalitetsmessig nivå, at det skal kunna gjennomførast diskgolfkonkurransar på regionalt og nasjonalt nivå i Solund.
Solund er ein spekatakulær diskgolfdestinasjon. Ved å spele på banene våre, får du ei naturoppleving av dei sjeldne.
Solund Sendebrettlaug er ei undergruppe av Solund Idrettslag.
Lauget vart skipa 28.juni år 2015. Sidan dette er Draumeparken diskgolfpark realisert med 2 baner. Draumeparken 22-hold bane er ei profesjonell bane i henhold til nasjonal standard og konkurransenivå. Idrettsparken 9-hols bane er ei nybyrjarvenleg og folkeleg bane som går rundt Solund Idrettspark.
Draumeparken diskgolfdestinasjon gjev ei spektakulær naturoppleving, og kan òg nyttast som tursti. Turen går gjennom spesielle fjellformasjonar og kystlynghei med utsikt mot Sognefjorden, og endar opp i den flotte og nyetablerte idrettsparken.
Banedesign og reglar finn du i appen Udisc. Du kan òg oppsøke Solund Sendebrettlaug si heimeside eller vår side på facebook.
Velkomen til Solund som diskgolfdestinasjon, for både diskgolfmoro og spesifikk diskgolftrening.